Ord for dagen 25.02.2021 sokneprest Eli Vatn

Også i dag skal det handle om dei skjulte skattar som ligg gøymt i Rogne kyrkje.

Utsnitt av altertavla i Rogne kyrkje. Foto Saskia Aleida Van Veen
Magne Røe (i Litt av kvart om kyrkjene i Rogne i Øystre Slidre) noterer seg at Rogne kyrkje er skeiv. Sørveggen er visstnok 40 cm lengre enn nordveggen. Dette skeive gjer at koret; altarpartiet hallar litt til venstre slik kyrkja ser ut ovanfrå. Røe undrar vidare om det kan ha noko med at ein meinte at kyrkjebygg ikkje skulle vera feilfrie, slik vi menneske heller ikkje er feilfrie. Eller kan det vera slik nokre har meint om andre kyrkjebygg der koret «hallar litt til venstre» at det blir å likne på den krossfeste Kristi hovud slik det luter seg mot sida.
Noko å tenke på når ein sit i Rogne kyrkje og ikkje kjenner seg heil på topp, at ting går litt på det skeive! Ein er i godt lag, også med frelsaren sjølv.
 
 
 
 
 
 
 
 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"